SOMMARJAZZ på SKEI HOTEL med PER JANKES KVINTETT
Musikarane i Per Jankes kvintett er stammen i orkesteret som kvart år framfører musikken til Kinnaspelet – songen ved det store djup – ved Sogn og Fjordane Teater. Orkesteret består av jazzmusikarar med standard-repertoar.
I denne kvintetten finn vi på gitar Oddmar Amundsen som har dansa med Nina Owing. Frank Jakobsen speler trommer og er noregsmeister i jojo. Rolf Prestø er tidlegare løpar og speler kontrabass. Aage Vaksdal speler trekkspel og keyboard og drøymer om statue av seg sjølv på heimstaden. Sist, men ikkje minst, finn vi på saksofon Per Janke Jørgensen som har handhelsa på den japanske keisaren. Kjekke karar alle saman!
Jølster jazzklubb har invitert desse erfarne jazzmusikarane til Jølster, og fredag 14. juni kl. 20.00 speler dei sommaren inn på Skei Hotel.