Dobbeltkonsert Osgood / Skarbø + Audun Kleive Solo
Kresten Osgood – Trommer, diverse
Øyvind Skarbø – Trommer , diverse
Audun Kleive – trommer, elektronikk
Osgood / Skarbø:
Ellevilt og uforutsigbart, morosamt, men seriøst. To trommeslagarar med store øyrer som får fram det beste i kvarandre og som framleis kan leika. Kresten Osgood er etterkvart blitt bergensvenn med sitt virtuose trommespel og utradisjonelle tilnærming til kva ein konsert kan vera. Øyvind Skarbø er godt etablert i byen med band som Hordaland 80 og BMX, så vel som sin eigen konsertserie Øyvind Jazzforum.
Audun Kleive:
Trommetrollmannen Kleive har i mange år vore blandt dei fremste slagverkarane i verda, sentral i band som Terje Rypdals Chasers og JøKleBa, i samarbeid med m.a. Marilyn Mazur, Sidsel Endresen og Mathias Eick, og under eige namn. Denne gongen er vi så heldige at vi får han på scena heilt for seg sjølv, med sitt nye, plateaktuelle soloprosjekt der han lar trommer og elektronikk møtast på ein ny måte.
http://www.billettservice.no