Lørdag 17. sep 2022 kl. 20:00

Olga Konkova Trio – Per “Bass Viking” Mathisen Trio

Stord Jazzklubb / Stord Hotell
Kjøtteinsvegen Stord

Dobbel releasekonsert med to stjernetrioar:

Olga Konkova har gitt ut plata “OPEN SECRET” og Per Mathisen “GLADIATOR” hausten 2021. Begge platene har allereie fått fantastiske kritikkar frå inn og utland. Planen var å reisa på releasekonsert-turné i januar 2022, men på grunn av pandemien er denne konsertserien utsett til september 2022. No legg trioane ut på Noregsturne og skal vitja ei lang rekkje stader.
Olga Konkova er utvilsamt Noregs ukrona jazzpianistdronning. Ho er eit fyrverkeri på instrumentet sitt med ein utruleg dynamikk. Alt frå det stille og lyriske til overveldande tordenskrall kjem ut frå musikaliteten og fingrane hennar med største sjølvfølgje.
Med Per Mathisen på kontrabass og den engelske stjerne-trommisen Gary Husband, er trioen ikkje mindre enn i verdsklasse.

Per “BASS VIKING” Mathisen er Noregs svar på Jaco Pastorius på el-bass og Niels Henning Ørsted Pedersen på kontrabass. Per spelar med eit arsenal av lydar og instrument og har virtuose evner, på både den elektriske og den akustiske, som grensar til det uverkelege. Med Bodø sin aller største son på piano og synthesizarar, Jan Gunnar Hoff, og engelske Gary Husband på trommer, er bandet verkeleg ein “powerhouse”-trio av dei sjeldne.

Tre av dei fire musikarane har gjesta Stord Jazzklubb tidlegare, medan det no blir første høvet til å kunna få høyra Jan Gunnar Hoff, ein av dei finaste norske jazzpianistane, på klubben sin scene.

Olga Konkova Trio feat. Per Mathisen & Gary Husband:
Olga Konkova – piano
Per Mathisen – kontrabass
Gary Husband – trommer

Per “BASS VIKING” Mathisen Trio feat. Jan Gunnar Hoff & Gary Husband
Per Mathisen – el- og akustisk bass.
Jan Gunnar Hoff – piano / synthesizer
Gary Husband – trommer

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev