Lørdag 25. mar 2023 kl. 19:30

ØKLAND/APELAND

Jølster Jazzklubb / Brunsj & Briller
Skei i Jølster

ØKLAND/APELAND
NILS ØKLAND fiolin, hardingfele SIGBJØRN APELAND trøorgel
Konserten er eit samarbeid med Vestnorsk Jazzsenter, (Den Musikalske Stamvegen) og Førdefestivalen
Nils Økland er ein av Noregs leiande felespelarar, ein fornyar av tradisjonell folkemusikk, og brubyggjar til klassisk og moderne musikk. Han komponerer det meste av musikken sjølv, frå vakre melodiske balladar og atmosfæriske eksperiment, til mørkare lydbilete. Han har vore solist med ulike orkester og ensemble i mange europeiske land, og hatt fleire turnear for Rikskonsertane, i det meir jazzrelaterte er 1982 og samarbeid med Arve Henriksen det mest kjende.
Kyrkjeorganist og etnomusikologdoktor Sigbjørn Apeland har sitt daglege virke ved Griegakademiet, og har medverka på nær 60 plater, frå Jørgen Sandvik og Tom Roger Aadland, via Sondre Bratland og Berit Opheim til 1982 og Alog. Saman skapar dei lågmælt og vedunderleg musikk i tussmørkret mellom religiøs musikk, folketonar og improvisasjon. Se mindre
Vassenden I Jølster, Sogn Og Fjordane, Norway

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev