Lørdag 23. mar 2024 kl. 20:00

OJKOS m/ Knut Kvifte Nesheim «Graosido»

Vossa Jazz / Gamlekinoen
Voss

Verket “Graosido” er inspirert av eit fjellmassiv som Vossingar kjenner godt, der musikken målar fram landskapet i skiftande ver og årstider. Komposisjonane har naturleg nok fått titlar “pao vossamaol”, og ein kan mellom anna høyra lyden av “Vadlasletta”, “Taoe” og “Tjødni”.

Komponist Nesheim frå Oslo har nær tilknyting til Voss, og skildrar “Graosido” som eit tonemåleri av fjellmassivet på Voss. “Nesheim sin musikk er leiken og dynamisk, rik i tekstur og farge, med ei mørkare sørgande sida som er i perfekt harmoni med musikken sin tidlause positivitet.” – ukvibe.org

Då verket vart gjeve ut som album i 2023, nytta dei eit måleri av Sveinung Iversen på omslaget. På Vossa Jazz er “Graosido” akkopagnert av eit lysshow med Sveinung Iversen sine måleri.

OJKOS er eit regionalt orkester for profesjonelle jazzkomponistar i etableringsfasen på Austlandet. Prosjektet starta i 2018, og dei har sidan då gjeve ut åtte singlar og fire album, og fått eitt album Spellemann-nominert.

Medverkande:

Henriette Eilertsen – fløyte
Camilla Hole – sopransaksofon
Tina Lægreid Olsen – klarinett og altsaksofon
Richard Köster – trompet
Lyder Øvreås Røed – trompet
Tancred Heyerdahl Husø – trompet
Magnus Murphy Joelson – trombone
Johannes Fosse Solvang – trombone
Magnus Løvseth – tuba
Mike McCormick – el-gitar og elektronikk
Arne Martin Nybo – el-gitar
Clément Merienne – piano
Alexander Hoholm – kontrabass
Knut Kvifte Nesheim – trommer og komposisjoner
Sigurd Ytre-Arne – live visuals

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev