Lørdag 14. jan 2023 kl. 20:00

Oddgeir Berg Trio

Stord Jazzklubb / Stord Hotell
Kjøtteinsvegen Stord

Melankolsk og ekstatisk jazz

Laurdag 14. januar får Stord Jazzklubb besøk av Oddgeir Berg Trio. Trioen består no av pianist Berg, bassist Audun Ramo og trommeslagar Lars Berntsen.
Jazztrioen, som ber namnet til låtskrivar/pianist Oddgeir Berg, spelar elektroakustisk jazz, som etter eige utsegn har ein fot i melankolien og ein i ekstasen. Musikken dei spelar er for det meste sjølvkomponert, og er ei fin blanding av action, tempo og rolege balladar.
Trioen debuterte med si første plate, Before Dawn, våren 2018, og følgde opp med ny plate i mai 2019, In The End Of The Night. Platene har fått gode omtalar både i kjende tyske og japanske jazzmagasin. Siste året har trioen spelt ei rekkje konsertar i England, mellom anna to gonger på kjende Ronnie Scott´s Jazz Club i London.

No er trioen aktuell med sitt tredje album: While We Wait For A Brand New Day, som er den tredje delen av ein triologi som kretsar kring dei mørke timane i døgnet.
Albumet vart spelt inn under stort press med berre få dagar att til Noreg gjekk inn for nedstenging. Tonen i dette nye albumet er full av håp og optimisme, og har eit sterkt personleg preg. Trioen har etablert seg som eit jazzband med spanande og nyskapande musikk.

Bandet vitja Stord Jazzklubb i januar 2020, straks før pandemien endra det meste, også i kulturlivet. Dei som var til stades på den konserten på Grand Hotell, vil sikkert ha lyst til å få eit gjenhøyr med desse fine musikarane. Alle andre musikkelskarar er og hjarteleg velkomne til konsert med godlyd, denne gongen på Stord Hotell!

Oddgeir Berg – piano
Audun Ramo – bass
Lars Berntsen – trommer

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev