Fredag 29. apr 2022 kl. 20:00

Ny,ny Bris

Stord Jazzklubb / Stord Hotell
Kjøtteinsvegen Stord

Ungt 40-årsjubileum for Ny Bris!
Det er ikkje tvil om at vinden bles Dag Arnesens veg. Syttiåringen har brakt norsk folkemusikktradisjon ut av landet til eit internasjonalt jazzpublikum på ein måte som berre Jan Johansson kan matche i Skandinavia. Samstundes har han vore den som har eit vakent auge for nye talent, og har ikkje kvidd seg for å ta inn nytt blod inn i banda sine.

Ny Bris – som slo gjennom på tidleg åttital – har framleis kultstatus i Bergen, og vart eit springbrett for ein ny generasjon musikarar. På scena er han den lyttande, alltid klar til å respondera på innspel frå medmusikantar.
Ny Bris er tilbake i ei splitter ny besetning med bakgrunn frå Griegakademiet i Bergen – og ei ungdomskjelde for ein pianist som lét ung og vital som aldri før!

Dag Arnesen – piano
Elisabeth Trøen –sax
Axel Røed – sax
Hans Marius Andersen –trompet
Arne Toivo –bass
Sigurd Steinkopf- trommer

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev