Pianist og komponist Tural Raphael speler eigen musikk, med utspring frå klassisk, jazz og aserbajdsjansk Mugham.
Program
Tural Raphael: Piano
Rast
Shur
Segah
Humayun
Omtale
Tural Raphael er ein pianist og komponist med en mangfaldig bakgrunn innen klassisk musikk og jazz. Den musikalske reisa han byrja da han var åtte år gammal og byrja å improvisere klassiske komposisjonar av anerkjende komponistar som Mozart, Beethoven, Chopin og Brahms. Etter å ha fullført ein bachelorgrad i klassisk musikk, utforska han jazz og friare musikk, og fann sin frifom og kreative rom innan sjangaren. Han finn inspirasjon i dei tidlause verka til det klassiske geniet Johann Sebastian Bach og dei kjensleladde improvisasjonane til jazzpianisten Keith Jarrett. Som ung musikar blei Tural dypt rørt av Bach sine intrikate komposisjonar, noko som påvirka hans eigne komposisjonar. Han var fascinert av dei intrikate melodiane og harmoniane fra barokkperioden, og desse elementa finn ofte vegen inn i musikken hans.
Raphael utvida dei musikalske evnene sine i løpet av sin mastergrad ved Noregs musikkhøgskole. Undervegs i studia laga han to album på berre fire månadar, inkludert eit påfallande polyfonisk solo pianoalbum. Med sin særeigne fusjon av klassiske og jazz-baserte påverkingar føreset Tural Raphael å utfordre grensene for kunsten sin. Han fangar publikum med dei stemningsfulle komposisjonane sine og imponerande framføringar, og viser frem sitt eksepsjonelle talent og lidenskap for musikk.
Alle komposisjonane i dette programmet er skrivne av Tural Raphael i løpet av hans masterstudiar ved Noregs musikkhøgskole. Konseptet Mugham-Polyphony kombinerer improvisasjon inspirert av aserbajdsjansk Mugham og vestleg europeisk polyfoni. Mugham er ein improvisert musikkstil basert på skalaer, og på denne konserten vil du oppleve ei blanding av orientalske rytmar og vestleg europeisk polyfoni. Tural Raphael vil presentere fire av sine eigne komposisjonar på denne konserten.
Konserten er ein del av Noregs musikkhøgskoles 50-årsjubileum.