Lørdag 23. mar 2024 kl. 21:00

Mirror Image

Vossa Jazz / Park
Voss

Mirror Image er ein eklektisk og mangslungen oktett, handplukka av bassist Ole Morten Vågan for berre eit par år sidan. Dei ferske komposisjonane er det Vågan som står bak, men ensemblet inkorporerer gjerne sørafrikanske hits frå 70-talet, inspirasjon frå samtidsmusikk, og element frå afrikansk folkemusikk – i tillegg til jazz i alle moglege former. Ein veit altså aldri kva denne gjengen kan finna på å byda på, og det er nett slik me likar det!

I ei årrekke har desse åtte makalause musikarane sett sitt preg på den skandinaviske jazzscena, med prosjekt som Motif, Paavo, Toumani Diabate, Atomic, Koma Saxo, Team Hegdal, Bill Frisell/The Intercontinentals og Nacka Forum, for å nemna nokre. No samlast det garva ensemblet til musikalske krumspring på Vossa Jazz, og me er så heldige å få vera med!

Medverkande:

Sofia Jernberg – vokal
Håkon Aase – fele
Kalle Nyberg – saksofon
Jonas Kullhammar – saksofon
Eirik Hegdal – treblås
Sidiki Camara – perkusjon
Hans Hulbækmo – trommer
Ole Morten Vågan – bass

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev