Etter mi meining har Gry Midttun ei av dei aller beste latin jazz-stemmene eg har høyrt. Latinjazz er ei krevjande sjangerform, men Gry er ikkje berre trygg – ho handterer kompliserte rytmar og tonar med eleganse og presisjon. Likar du latinamerikanske rytmar, kan du verkeleg kose deg denne kvelden – med eit glas vin i handa og ei lun og stemningsfull atmosfære rundt deg.
Bergensbandet Do Lado inviterer til ei stemningsfull stund med bossa nova, samba og jazz. Bandet består av røynde musikarar:
Gry Midttun – vokal
Fred Johannesen – flygelhorn
Stein Bakke – piano
Arild Seim – gitar
John Brottemsmo – bass
Nils Are Drønen – trommer
Fredag 27. mar 2026 kl. 19:30
Meland Jazzkafe med Do Lado
Meland Jazzkafe / Meieriet
Frekhaug