John Medeski hammondorgel, wurlitzer, clavinet, flygel etc
Billy Martin trommer
Chris Wood bass
Funky orgelbrus frå undergrunnen i New York..
Med element frå rock og funk har MMW revolusjonert orgeltrioen innanfor jazzen og fekk det store gjennombrotet etter å ha samarbeida tett med John Scofield. Etter snart 20 år saman er samspelet nær telepatisk. Rå, svingande musikk med assosiasjoner til teiknefilmsoundtrack.