Lørdag 13. apr 2019 kl. 14:00

Martin Kohlstedt

Vossa Jazz / Osasalen
Voss

Etter eit utal utselde konsertar rundt i Europa, kjem endeleg den tyske pianisten og komponisten Martin Kohlstedt til Noreg og vitjar Vossa Jazz. Det unge talentet frå Thüringen tek publikum med på ei luftig reise i modale harmoniar, vakre stemningar og djuptgåande tonebilete – ikkje utan underliggjande dramatikk og nerve.

Kohlstedt har ei unik tilnærming til sitt musikalske virke. I musikken held han ein open dialog med instrument, tone og klang som gjer uttrykket hans impulsivt, organisk og sårbart. Han har greidd å fange desse svevande stemningane i plateformat to gonger, på dei to overtydande utgjevingane Tag (2012) og Nacht (2014).

Martin Kohlstedt – piano, tangentar, elektronikk

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev