Fredag 06. jun 2025 kl. 22:00

Marita Moe Sandven og Ole Amund Gjersvik – Etterklang på Sjøhuset

Hardingtonar / Sjøhuset Resurant & Pub
Norheimsund

På Hardingtonar 2025 inviterer jazzduoen Into The Beast til ein magisk kveld der musikalsk utforsking møter reine kjensler. Med Marita Moe Sandven på vokal og Ole Amund Gjersvik på kontrabass, har duoen skapt eit unikt og dynamisk univers som både utfordrar og rører. Deira særeigne sound er ein balansegang mellom fri, intens improvisasjon og djup respekt for det skjøre og sårbare i musikken.
Moe Sandven sine tekstar er like grenselause som musikken, og fraktar deg gjennom både poetiske og ukjende landskap. På denne konserten får du oppleve smakebitar frå duoens tidlegare album, med eit variert repertoar som spenner frå eigne komposisjonar til tidlause standardlåtar. For anledninga vil dei også ta deg med på ei reise gjennom nokre av Geirr Tveitts kjære og kjente juvelar.
Musikken til Into The Beast er eit levande punkt der kontrastar møtest og skapar eit uventa, men naturleg, uttrykk. Deira dugleik og nærvær på scenen må opplevast, og konserten på Hardingtonar vil garantert gi deg ei helt spesiell oppleving som både utfordrar og rører.
Velkomen til ein kveld med jazz, improvisasjon og rørande venleik!

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev