I SAMARBEID MED @FØRDEFESTIVALEN presenterer vi:
MARI BOINE TRIO
Sidan debuten for over 30 år sidan har Mari Boine levert ein ganske utruleg innhaldsrik diskografi, og ho har bidrege til å spreie vår felles kulturarv over heile verda.
Ho er Norges fremste representant innan verdsmusikken og har hausta stor internasjonal anerkjenning i tillegg til fleire nasjonale utmerkingar som fleire Spelemannsprisar (inkludert heidersprisen), Rockheim Hall of Fame, Nordisk Råds Musikkpris, Samerådets Ærespris, Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden, Ole Vig-prisen, Finmark Fylkes Kulturpris, Anders Jahre’s Kulturpris, æresdoktorat, utnemnt til statsstipendiat og mykje meir. Ei liste som kan ta pusten frå dei fleste.
Med utgangspunkt i joik og samisk musikk har ho skapt eit personleg uttrykk med element frå rock, jazz og musikk frå andre kulturar og leverer scene framføringar som kan ta pusten frå alle og ein kvar, om det er trio, eller fullt band format.
Med andre ord dette vert ei oppleving for livet!
Mari Boine vokal med meir
Georg Buljo -gitar
Gunnar Augland – trommer
Foto: Ørjan Marakatt Bertelsen