Onsdag 24. jan 2024 kl. 19:00

Lars Lillo-Stenberg synger Grieg med Bugge Wesseltoft og Ellen Andrea Wang

Jazzsirkelen / Parken Kulturhus
Ålesund

Konserten presenteres av Jazzsirkelen i samarbeid med Parken kulturhus.
Albumet «Synger Grieg med Bugge» starta med ein SMS frå Lars Lillo-Stenberg til Bugge med spørsmål om å lage ny plate. Over eit par meldingar var det allereie bestemt. Den nye plata med songar frå Grieg fann truleg inspirasjonen sin blant oldemor Ingeborgs skinninnbundne samlingar.
Noko av det som fanga merksemda til Lars Lillo-Stenberg var dei storarta tekstane som kom tydeleg fram når han skulle gjere dei til sine. Likevel har han teke seg nokre fridommar i omsetjinga frå nynorsk til bokmål og med tidsriktig ordbruk. Plata har tekstar frå mellom anna Ibsen, Bjørnson, Arne Garborg, Aasmund Olavsson Vinje, Vilhelm Krag og H.C. Andersen.
«Jeg må si at det er utrolig fint og spesielt å synge og spille sanger som er laget så lenge før alt jeg har av sjangere i min platesamling ble oppfunnet. Gamle musikalske følelser funker fremdeles. Heia Grieg!»
– Lars Lillo-Stenberg
Griegs friske og fantastiske akkordrekkjer og mot-rytmiske figurar er naturlegvis komponert note for note – noko som vart vanskeleg når Lillo-Stenberg skulle sleppe eigen kreativitet til. Med eit forenkla gitarkomp kunne Bugge spinne vidare på anslaget og finne deira eigne retning. Så slik vart det. Nokre gonger nokolunde høfleg, andre gonger direkte uhøfleg – men, alltid kjærleg.
Utgivinga har til slutt vorte ein realitet med ei rekkje kjende musikarar om bord. Mellom anna Ellen Andrea Wang, No. 4, Mary Erskine og Stian Carstensen.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev