Fredag 11. okt 2019 kl. 20:00

Kristin Asbjørnsen – Opningskonsert Jazz på Jølst 2019

Jølster Jazzklubb / Thon Hotel, Jølster
Skei i Jølster

Kristin gav ut albumet «Traces Of You» i 2018 til strålande omtalar både i Noreg og internasjonalt. Songane opnar nytt terreng i Kristins mangefasetterte univers. Med sterk meloditeft og poetisk sans blir gitarar, vestafrikansk kora og stemmer vovne saman i eit særdeles vakkert og meditativt lydlandskap. Musikken ber avtrykk frå vestafrikansk musikk, voggesongar og stillfarande nordisk jazz.
Sildrande afrikanske ornament står i leikande dialog med eit klangfylt gitarunivers. Kristins lyrikk er omsett til vestafrikansk mandinka i rørande samsong med Suntou. Songane er som vare inntrykk av livsavtrykk, nærvær og kjærleikens omskapingar.
Kristin Asbjørnsen er ei av dei mest originale stemmene i norsk musikk, og det er alltid ei stor oppleving å høyre henne på scena. Det er duka for ei unik konsertoppleving med Kristin og hennar to eminente musikarar.
Konserten er eit samarbeid med Føredefestivalen/FolkJazzscena – eit samarbeid vi er svært glade for!
Kristin Asbjørnsen – vokal
Olav Torget – gitarar og vokal
Suntou Susso – kora og vokal

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev