Søndag 14. apr 2019 kl. 01:30

Kresten Osgood Quintet

Vossa Jazz / Park
Voss

«Tendensen i dansk jazz heter Osgood» var overskrifta i ein dansk avis for nokre år tilbake. Det er beskrivande for den sentrale stillinga trommeguden og villmannen Kresten Osgood har i jazzverda. Til Voss tek han denne gongen med seg ein kvintett beståande av nokre av dei aller sterkaste unge musikarane frå Danmark. Saman har dei laga Kresten Osgood Quintet Plays Jazz (2018) – ein leiken og intelligent plate som byggjer bru mellom for- og notida, med sterkt fokus på amerikanske jazztradisjonar.

Erik Kimestad – trompet
Mads Egetoft – saksofon
Jeppe Zeeberg – piano
Mathias Petri – bass
Kresten Osgood – trommer

Konserten inngår i billetten Huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten. 18 års aldersgrense.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev