Søndag 24. mar 2024 kl. 15:15

Karin Krog & The In Between Times

Vossa Jazz / Park, Vossasalen
Voss

Noregs Jazzdronning, Karin Krog, fekk Norsk jazzforums Hederspris i 2023 for over 65 år i jazzens teneste. Når ho i år kjem til Voss saman med gitarist Staffan William-Olsson og bassist Terje Gewelt er det ein høgt akta og mykje prislova trio som entrar scena.

Trioen har spelt saman i ti år, og har utvikla eit kammeraktig samspel, med originalkomposisjonar og songar frå The Great American Songbook. Det er leikent, gripande og virtuoust.

Krog har, i tillegg til den tidlegare nemnde heidersprisen, vorte heidra med Buddy-statuetten, St. Olavs-orden, Anders Jahres Kulturpris, den franske Prix du Jazz Vocal Europe og Norsk Kulturråds Ærespris.

Gewelt har gjennom ei årrekke vore ein av dei mest nytta bassistane i Noreg. Han har gjeve ut tretten plater under eige namn, og spelt på over hundre utgjevingar, med artistar som Billy Cobham, Enrico Pieranunzi og Christian Jacob.

William-Olsson er kjent frå The Real Thing, Best Western Swing, Sharp 9 og Babylon Brothers, men har også spelt med Mezzoforte, Hot Club de Norvège og Adam Nussbaum.

Så kjenn di besøkstid, for dette vil du ikkje gå glipp av.

Medverkande:

Karin Krog – vokal
Staffan William-Olsson – gitar
Terje Gewelt – kontrabass

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev