Sjølvskriven musikk av Markus Kaardal og cover av Radiohead og The Bad Plus.
Medverkande:
Oskar Lindberget (saksofon)
Markus Kaardal (gitar)
Torjus Klykken (bass)
Tobias Rønnevig (trommer)
Omtale:
Kaarma er ein kvartett frå jazzmiljøet på Noregs musikkhøgskole. Bandet oppheld seg i brytingspunktet mellom norsk jazz og rock, og leverer både originalmateriale og ukjente standardar i ei ny og særeiga drakt. Den Oslo-baserte firkløveren skaper soniske landskap av passiv-aggressive grooves, med ein visjon om å kombinere lyriske og minimalistiske komposisjonar med energisk improvisasjon. Med inspirasjon frå grupper som Skydive Trio, Amagala Temple og Mats Eilertsen Quartet leverer Kaarma ei frisk konsertoppleving beståande av nokon kjente og kjære konsept, og noko nytt og spennande.
Konserten er ein del av Noregs musikkhøgskoles 50-årsjubileum.
Foto: Margrit Rønning Omholt