Fredag 29. des 2023 kl. 20:00

JulaJam

Stord Jazzklubb / Stord Hotell
Kjøtteinsvegen Stord

Stord Jazzklubb vil prøva å gjenskapa suksessen frå Thea Jazzforum sine ugløymelege romjulsjam-arrangement på Sjøhuset. Valplassen er denne gongen Valhall på Stord Hotell.

Tuning Expedition, med fire framifrå musikarar frå Stord og ein bergenser på tangentar, er hyrt inn som husband. Bandet opnar festen med eit sett med groovy fusion-musikk frå 70- og 80-talet. Denne gjengen, med Gisle Alsaker i front, har gjort det til ein spesialitet å tolka låtane til legendariske Al Jarreau.

Så håpar klubben å få mange lokale musikkheltar opp på scenen resten av denne jazzkvelden. Nokre musikarar vil bli kontakta og oppfordra til å stilla opp med 2-3 låtar, men det er absolutt mogleg for alle musikarar/musikantar å nytta sjansen til å be om å få delta, enten som soloartist eller som gruppe. Dei i husorkesteret vil stå klare til å gi backing til dei som måtte ønskja det.

Det er fint om de tar kontakt med Ole Jacob Hystad (9064 5440) eller Olav Fjell (9303 8877) dersom de har lyst til å delta på scenen på jazzklubben sin JulaJam 2023.

Tuning Expedition:
Gisle Alsaker – vokal
Ole Jacob Hystad – saxofon
Tarald Tvedten – trommer
Halvor Folgerø – bass
Håkon Halvorsen – piano

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev