Lørdag 09. okt 2021 kl. 18:00

Jørn Simen Øverby Trio

Stord Jazzklubb / Stord Hotell
Kjøtteinsvegen Stord

«VIDUNDERLIG»

Til trioen sitt albumprosjekt med tittelen «VIDUNDERLIG» har Jørn Simen Øverli samla saman ei skattkiste full av kulturhistorie frå Europa. Dette er musikk som er viktig for mange hundre millionar menneske, men som dei fleste i Noreg knapt har høyrt.
Det er Øverli si overtyding at desse songane, som han har gjendikta til norsk, kan hjelpa oss med å forstå kvarandre, og oss sjølv, betre. Kven vi er. Kor vi kjem frå. Kva som har forma oss. Kva som er viktig for oss. Kva vi har inne i oss.
Trioen skaper eit fabulerande, vakkert og sanseleg lydlandskap rundt ein serie songduettar, iblant med humoristiske og burleske innslag. Visjonen hans er å få oss til å tenkja litt annleis og knyta oss betre saman på kryss og tvers av det europeiske kontinentet.

Siril Malmedal Hauge blei kåra til årets jazztalent på Molde Jazzfestival 2020, og ho er ifølgje Aftenposten «En stemme for fremtiden». Espen Leite er ein av Noregs fremste akkordeonistar. Han er mykje brukt som teatermusikar og komponist. Jørn Simen Øverli, ein av nestorane i norsk viseverden, har vunne og blitt nominert til fleire spellemannprisar. Han har også motteke prisar for sine gjendiktingar. Han har gitt ut 14 CD-ar og halde konsertar i dei fleste kommunane i landet. Han har jobba i ei årrekkje med blant anna Stian Carstensen, Arve Henriksen, Henning Sommerro og Helge Lien.

Alle som likar visejazz, – og andre nyfikne musikkelskarar, bør absolutt vurdera å få med seg denne gullstunda på Stord Jazzklubb! Meny: Originale songar med innhald frå det levde livet, framført med sterk innleving og musikalsk kvalitet!

Jørn Simen Øverli Trio:
Siril Malmedal Hauge – song
Espen Leite – akkordeon
Jørn Simen Øverli – song, gjendikting-gitar

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev