Lørdag 23. nov 2024 kl. 18:00

John Pål Inderberg Trio feat. Ingrid Jensen

Stord Jazzklubb / Stord vidaregåande skule
Stord

Forankra i både europeisk og amerikansk jazztradisjon, dadaisme og folkemusikk har pedagogen ved jazzlinja i Trondheim, barytonsaxofonisten og humoristen Inderberg ei stor stjerne både nasjonalt og internasjonalt. Opp igjennom åra har han samarbeidd med storleikar som Chet Baker, Lee Konitz og ei rekkje andre internasjonale og nasjonale stjerner. John Pål har gjesta Stord Jazzklubb fleire gonger, seinast no i haust med Siri`s Svale Band.

Håkon Mjåset Johansen har gjesta jazzklubben vår fleire gonger og er ein av dei mest framtredande trommisane Noreg har. I 2014 var Chick Corea med på Håkon sitt DNB-pris-prosjekt på Kongsberg Jazzfestival.

Trygve Waldemar Fiske har markert seg som ein av dei dyktigaste bassistane i sin generasjon. Han turnerer jamleg med Hanna Paulsberg Concept, Waldemar 4, Ine Hoem og han har markert seg sterkt som dyktig ein komponist.

Denne gongen har trioen med seg den kanadiske topptrompetisten Ingrid Jensen.
Ho kombinerer sine musikalske kjelder med leikande framføring og med påverknad av både John Coltrane og Freddie Hubbard, gjort om til hennar eige virtuose trompetspel!

Jon Pål Inderberg trio feat. Ingrid Jensen
John Pål Inderberg – saxofon
Trygve Waldemar Fiske – bass
Håkon Mjåset Johansen – trommer
feat. Ingrid Jensen (CA) – trompet

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev