Grenselaus musikk med entusiasme, driv og humor
MATS EILERTSEN bass
HARMEN FRAANJE piano
THOMAS STRØNEN trommer
Mats Eilertsen er ein travel mann. Forutan å halda bassplassen hjå Tord Gustavsen har han fleire prosjekt under eige namn. Bandet deler kjærleiken til grenselaus musikk med entusiasme, trøkk og glimt i auga. Det er vanskeleg å setja fingen på kortid komposisjonane blir improvisasjon, men uansett: gnistane fyk når dei kjem i gong, enten det no er lyriske passasjar eller intenst samspel. Harmen Fraanje er mellom dei fremste pianistane i Nederland og er i ferd med å skapa eit eige namn internasjonalt, medan vår eigen Thomas Strønen har bakgrunn frå mellom anna Humcrush, Food og Maria Kannegaard.
Mats Eilertsen Trio sin heimeside