Lørdag 08. okt 2022 kl. 20:00

Jazz på Kampen:
 OJKOS

Kampen Kaffe & Bar / Jazz På Kampen
Kampen Kirke

Etter ein vellukka kyrkjekonsert juni 2021, kjem OJKOS tilbake til Kampen Kirke! OJKOS er eit komponistkollektiv med base i Oslo, Orkesteret har vore høgst aktiv sidan oppstarten i 2018. Mellom anna kan OJKOS so langt vise til over 1500 minutt med nykomponert musikk, og ein spellemannsnominasjon for deira fyrste studioalbum.

Til denne konserten vil halvparten av det 15 personer store orkesteret skrive splitter nye bestillingsverk, som skal urframførast for publikummet på Kampen.
Sidan musikken ikkje er komponert endå, er OJKOS like spent på kva som skal presenterast på konserten! For korleis høyrast eigentleg moderne musikk skrive for eit kyrkjerom ut? Kan ein hente ut essensen av messer, oratorier og salmar; slå det saman med eit hint av gospel og spirituals; og ende opp med noko som kan gje kyrkjerommet relevans som musikkarena i eit stadig meir sekulært Noreg i 2022?

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev