Ein institusjon i norsk kulturliv.
The Brazz Brothers er landets eldste eksisterande frilansensemble med kontinuerleg drift. Dei starta som ein messingkvintett i januar 1981 og har spelt godt over 5000 konsertar, turnert i 34 land og gjeve ut over 20 album. Dei har samarbeida med profesjonelle symfoniorkester, kor, korps, afrikanske stammehøvdingar og andre internasjonale artistar..
Bandet består av to brødrepar frå Sula på messing instrument, og frå å Sula kjem også trompetaren Kåre Nymark medan Kenneth Ekornes frå Sykkylven har kommandoen over trommene.
Ensemblet har eit stort publikum både i Noreg og internasjonalt. Med sin spesielle besetning – messingkvintett pluss trommer – har ensemblet skapt sin eigen musikalske stil og sjanger. Unikt samspel, samskaping, improvisasjon og originalitet utført på eit teknisk høgt nivå, har ført til at ensemblet har vorte ein institusjon i norsk kulturliv.
Jan Magne Førde – trompet
Helge Førde – trombone
Stein Erik Tafjord – tuba
Runar Tafjord – horn
Kåre Nymark – trompet
Kenneth Ekornes – trommer
Lørdag 14. okt 2023 kl. 22:00
Jazz på Jølst 2023 – The Brazz Brothers
Jølster Jazzklubb / Thon Partner Hotel Skei
Jølster
