Lørdag 13. apr 2019 kl. 21:00

Jakob Bro Quartet

Vossa Jazz / Park
Voss

Klump i halsen, gåsehud og hjartebank – dette er velkjende symptom for alle som er smitta av Jakob Bro-basillen. Den danske gitaristen har styrkt sin posisjon innan toppsjiktet i jazzverda med lyrisk, underfundig spel og innovative, drøymande komposisjonar, både med den faste gruppa Jakob Bro Trio og i samarbeid med storleikar som Tomasz Stanko, Bill Frisell, Lee Konitz, Kenny Wheeler og Paul Motian. Bro sin umiskjennelege stil er like vakker som den er vanskeleg å beskriva: «Jakob Bro creates magical music, impossible to categorize», som Downbeat skreiv i ein omtale av albumet Streams frå 2016.

Jakob Bro nådde nye, magiske høgder på plata Returnings (ECM, 2018), saman med stjernelaget Palle Mikkelborg, Jon Christensen og Thomas Morgan. Albumet er ei oppvising i subtil, dynamisk musikalitet og meditative stemningar, med referansar til den stolte nordiske jazztradisjonen. Vossa Jazz er stolte over å få presentera denne fantastiske kvartetten på Voss i 2019.

Jakob Bro – gitar
Palle Mikkelborg – trompet
Thomas Morgan – bass
Jorge Rossy – trommer

Konserten inngår i billetten Huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten. 18 års aldersgrense.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev