Musikarane i Into the Wild Hills representerer fire tiår med norsk jazzhistorie.
Musikk fra Starter kit, bandets andre album. Innspillinga blei gjort i Musikkloftet Studio i Asker i februar 2022 med Vidar Lunden som teknikar. Lyden på albumet er naturtru, klar og transparant. Albumet plasserer seg inn i den nordiske jazztradisjonen, og ein kan høyre at musikarane har med seg referansar tilbake til 70-talet, men samansetjinga og materialet tar desse ideane med seg inn i eit nytt og litt annleis landskap – av og til opent og inviterande, av og til litt vanskeleg å finne fram i, men med nye overraskingar i vente bak neste sving.
Medverkande:
Morten Halle (altsaksofon)
Gunnar Halle (trompet)
Helge Lien (piano)
Christian Meeas Svendsen (bass)
Andreas Wildhagen (trommer)
Omtale
Veteranen Morten Halle (1957–) står bak komposisjonane i bandet. Han har spelt med mellom andre Cutting Edge, Oslo 13, Søyr, Jon Balke og Geir Lysne, i tillegg til eigne prosjekt og eit langt samarbeid med Jon Eberson i ulike kvartettar og prosjektet Metropolitan, med Beate Lech. Mellomgenerasjonen er representert ved Gunnar Halle (1973–), som har arbeidd med eigne prosjekt i Noreg og speler med Pierre Dørges New Jungle Orchestra i Danmark – og Helge Lien (1975–), ein av våre aller fremste jazzpianistar. Han driv sin eigen trio og er også ofte å høyre med Arild Andersens kvartett og i duoen LiveLien med Live Roggen. «Ungdommane» Christian Meeas Svendsen og Andreas Wildhagen er begge fødde i1988 og faste medlemm i Pål Nilssen Love’s Large Unit. Christian speler også i Ayumi Tanaka trio og står bak plateselskapet og bandet Nakama. Wildhagen er også med i Nakama, han var med i bandet Mopti og speler også med Sanskriti Shresta og Jonas Cambien.
Konserten er ein del av Noregs musikkhøgskoles 50-årsjubileum.
Foto: Oda Berby