Hilde Louise Asbjørnsen og hennar glitrande jazztrio inviterer til eit musikalsk djupdykk i repertoaret til dei åtte legendene frå suksess-showet «Stardust»:
Bokken Lasson, Mae West, Bessie Smith, Josephine Baker, Marlene Dietrich, Edith Piaf, Billie Holiday og Marilyn Monroe.
Teaterframsyninga og boka blei ein favoritt både hos kritikarar – og publikum og blei spelt for utselde hus både i Oslo og på etterfølgjande landsdekkande turné.
Mens teaterversjonen fokuserte på historiene bak, dykkar Asbjørnsen og trioen i denne versjonen ned i musikken, og serverer strålande tolkingar av låtar som; Diamonds Are A Girls Beste Friend, Hymne a l’amour, Lili Marlene, I Need A Little Sugar In My Bowl, Neste Dag Stod Hun Like Fornøiet – og andre høgdepunkt frå karrierane til «the lades in question»
Hilde Louise Asbjørnsen – vokal
Anders Aarum – piano
Jens Fossum – kontrabass
Hermund Nygård – trommer