Lørdag 13. apr 2019 kl. 23:00

Gourmet

Vossa Jazz / Park
Voss

ourmet er ei sprelsk, leiken og mangslungen musikalsk-kulinarisk oppleving utanom det vanlege! Den finske supergruppa oppstod i 1997, då saksofonist Mikko Innanen og gitarist Esa Onttonen stilte kvarandre spørsmålet: “What if Duke Ellington, Tom Waits, Carlos Gardel and Charlie Haden met at a kebab kiosk somewhere in rural Finland?” Svaret ligg og lurar i det samansette uttrykket til bandet, der finsk tango finn saman med balkansk energi, gresk bouzouki, moderne avantgarde jazz og latinske danserytmar med humør, virtuositet og speleglede.

Mikko Innanen – saksofonar
Esa Onttonen – gitar
Ilmari Pohjola – trombone
Veli Kujala – akkordeon
Petri Keskitalo – tuba
Mika Kallio – trommer

Konserten inngår i billetten Huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten. 18 års aldersgrense.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev