Onsdag 16. nov 2022 kl. 20:00

Garrubo

Voss jazzklubb / Gamlekinoen
Voss

Gabriela Garrubo har vore ein sensasjon på musikkscenen i Bergen og Noreg dei siste åra. Tekstane – på engelsk og portugisisk – handlar om å finna seg sjølv og styrken sin i ei kaotisk og urettvis, men også fin verd, medan musikken kombinerer skandinavisk jazz og brasiliansk musikk frå åttitalet. Etter konserten på Vill Vill Vest gav Bergens Tidende konserten 6 av 6 hjarte og skreiv: «Måten hun silkemykt beveger seg gjennom skalaene og vekslar mellom myke tonar og hissige støt, er til å bli bergtatt av.» Debutplata kjem til hausten!

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev