Lørdag 17. sep 2022 kl. 15:00

Fliflet/Hamre

Stord Jazzklubb / Stord Hotell
Kjøtteinsvegen Stord

Jazzklubben inviterer til musikalske krumspring med gledespreiing.

I musikken til Fliflet/Hamre står leikelyst og innleving sentralt, og det meste kan skje: Rå balkantonar dundrar ut mellom vare nordiske moll-perler og jødiske melodiar til ettertanke, eller mellom norske kysttonar og italienske partisansongar. Og Harald Sæverud blir dregen med på 9-takts-kalas hos serbiske sigøynarar …

Fliflet/Hamre fører saman musikk av ulikt opphav, og skaper eit eige, personleg landskap.
Duoen har «halde koken» sidan 1991. Trass i frekke sleivspark utstrålar dei framleis glede over å vera på same lag. Dei har overskot til å dela leiken sin med andre. ”Sære og populære”, seier musikantane om seg sjølve på nettstaden sin, og det høver godt.
Duoen gjorde stor suksess då dei gjesta jazzklubben i 2018! Kom og opplev desse gledespreiarane denne laurdags ettermiddagen!

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev