Lørdag 06. apr 2024 kl. 20:00

Eventyrferd – Camilla Hole Trio, SIgrid Moldestad, Torstein Slåen

Jølster Jazzklubb / Thon Partner Hotel Skei
Jølster

Eventyrferd er gamle slåttar og folkemelodiar frå brygda Breim, funne i ulike arkiv og bøker. Kvar slått har fått eit musikalsk eventyr eller bilete som vi formidlar gjennom fantasifulle arrangement og åpenhet for leik og improvisasjon. Kvar enkelt musikar fargar desse bileta og melodiane med sin eigen kreativitet som resulterar eit prosjekt som ikkje liknar på noko anna en seg sjølv. Musikken vekslar mellom å vere energisk og vill, til å vere drøymande og mystisk – slik som ei ekte eventyrferd skal vere.

Musikken er frå bestillingsverket Camilla lagde til Pederhusveka i 2022 – der Camilla leika seg med musikk som har levd i Breim i hundrevis av år, med representantar som Ingebrigt Myklebust, Gamle Rakel Alemnning og Jon Fløtre. Klarinettisten Zakarias Døsen er også sentral her. Gler meg!!

Camilla Hole – saxofon, klarinett, + div.
Knut Kvifte Nesheim – trommer og vibrafon
Egil Kalman – kontrabass og modulær synth
Sigrid Moldestad – feler og vokal
Torstein Slåen – Gitar og Banjo

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev