Esther Kverno trio byr på eit breitt musikalsk spekter og utforskar krysningar mellom ulike sjangrar.
Esther Kverno trio er ein moderne jazzpianotrio beståande av Håkon Huldt-Nystrøm (bass), Theodor Dalseth (trommer) og Esther Kverno (piano, komposisjonar). Musikken er skriven av Esther Kverno og hentar impulsar frå moderne jazz, improvisert musikk, samtidsmusikk og folkemusikk. Saman utforskar dei moglegheitane det akustiske formatet gir, i søken etter nye musikalske uttrykk.
Medverkande
Esther Kverno (piano)
Theodor Frølich Dalseth (trommer)
Håkon Huldt-Nystrøm (bass)
Konserten er ein del av Noregs musikkhøgskoles 50-årsjubileum.
Foto: James Layton