Søndag 14. apr 2019 kl. 18:45

Espen Eriksen Trio og Andy Sheppard

Vossa Jazz / Gamlekinoen
Voss

Når det kjem til pianotrioar er Espen Eriksen Trio blant dei aller beste. Gruppa har vorte viden kjend for sin melodiske minimalisme, subtile komposisjonar og vakre, lyriske stemningar gjennom fire strålande album på plateselskapet Rune Grammofon og konsertar i inn- og utland.

På sisteplata «Perfectly Unhappy» frå 2018 tok gruppa steget ut av trioformatet saman med stjernesaksofonisten Andy Sheppard. Sheppard, som blant anna har spelt med storleiker som Gil Evans, Carla Bley, George Russell og Steve Swallow i sin lange karriere, vart sjølv overraska over kor saumlaust han glei saman med trioen. Spelet hans framhevar dei vakre melodiane til Eriksen og tilfører ei unik stemme i solopartia.

Jazznettstaden All About Jazz gav plata 4,5 av 5 stjerner og kalte samspelet for «truly remarkable». Me er heilt einige – kom og høyr sjølve!

Andy Sheppard – saksofon
Espen Eriksen – piano
Lars Tormod Jenset – bass
Andreas Bye – trommer

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev