Lørdag 13. apr 2019 kl. 12:00

Erlend Apneseth Trio med Frode Haltli

Vossa Jazz / Osasalen
Voss

Erlend Apneseth Trio kjem til Vossa Jazz for å feire slepp av ny plate! Med dei to føregåande albuma på plateselskapet Hubro har trioen teikna opp eit heilt nytt landskap i grenselandet mellom folkemusikk, jazz og samtidsmusikk. Sidan debuten i 2016 har dei blitt rost opp i skyene av både norsk og internasjonal presse, blitt nominert til to spellemannprisar og turnert omfattande både i Noreg og utlandet.

På dette prosjektet har dei utvida besetninga med akkordeonisten Frode Haltli, kjent som ein av våre fremste samtidsmusikarar. Han har eit utal innspelingar og samarbeid bak seg i fleire sjangrar, ofte med folkemusikken i botn – som hans seinaste kritikikarroste prosjekt «Avant Folk», som òg spelar på Vossa Jazz 2019. Det er duka for eit heilt spesielt møte mellom nokre av dei fremste utøvarane på den eksperimentelle scena i dag.

Erlend Apneseth – hardingfele
Stephan Meidell – barytongitar, elektronikk
Øyvind Hegg Lunde – trommer, perkusjon
Frode Haltli – akkordeon
Thorolf Thuestad – teknikk

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev