Elise og Mathias er ein ny norsk duo som utforskar eit felles musikalsk landskap – organisk, nyfikent og djupt forankra i det ekte.
Med inspirasjon frå artistar som Adrienne Lenker og Loney Dear beveger dei seg i folkpopens intime rom, der tekstene får plass til både det nære og det usagde. Duoen består av Elise Sløgedal (vokal) og Mathias Marstrander (gitarar og pedal steel), som møttest under masterstudiet i jazz ved Noregs musikkhøgskole.
Fredag 7. november inviterer Elise og Mathias til ei unik konsertoppleving i tredje etasje på Becco. Denne kvelden samarbeider dei med biletkunstnar Ólöf Kristín Ólafsdóttir, som vil skape eit maleri inspirert av musikken – mens musikken blir spelt. Publikum får dermed oppleve eit møte mellom lyd og bilete, der musikken og kunsten utviklar seg i sanntid og speglar kvarandre.
Med varme arrangement, opne teksturar og sterke tekster skaper Elise og Mathias eit nærvær som passar perfekt til det intime duoformatet. Denne konserten blir ei sjeldan moglegheit til å sjå korleis musikk og biletkunst kan smelte saman og skape eit heilskapleg uttrykk.
Foto: Johannes Rønning, Erika Hebbert