Søndag 24. mar 2013 kl. 11:30

Elisabeth Lid Trøen Kvartett

Vossa Jazz / Tre Brør Café
Voss
Elisabeth Lid Trøen er ein svært spennande nykommar på den norske jazzscena. For dei som er busette på Voss har ho nok vore på radaren ei god stund!

Det er utruleg nok berre fire år sidan hun byrja å spela saksofon i Voss Jazzskule og framgangen er ikkje til å tru. Allereie som 20-åring har ho spelt med og imponert ei lang rekkje store jazzartistar som Terri Lyne Carrington, Tineke Postma, Andy Sheppard, Tord Gustavsen og ikkje minst Joshua Redman.

Etter å ha spelt med Elisabeth i juni 2011, hadde Redman fylgjande å sei om sin motspelar: «Elisabeth er eit utruleg stort talent. Ho har verkeleg kjensle for musikken. Det som imponenere meg spesielt med henne, er den unike rytmesansen hennar». Han er ikkje åleine om å meina det. Eit av dei mest fruktbare samarbeida med andre storleikar i jazzmiljøet kjem no til Voss etter stor suksess på Oslo Jazzfestival – velkomen på heimebane!

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev