Frijazzbluesfunk med afrikanske røtter og masse humor
COOPER-MOORE handbygde instrument, diddley bow, banjo, munnboge, fløyte, trommer ASSIF TSAHAR – tenorsax, bassklarinett CHAD TAYLOR – trommer, kalimba
Dersom du blandar bluesete og groovy funk med frijazz og tilset afrikansk perkusjon, så har du ein idé om kva Digital primitives handlar om. Cooper-Moore er nok den mest kjende i bandet, men alle involverte har lange biografiar. Cooper-Moore er ein gudebenåda pianist, men har dei siste åra konsentrert seg om rare, heimelaga instrument og uvanlege musikkinstrument, som til dømes munnboge. Treblåsar Tsahar har jobba med mellom anna William Parker, medan Chad Taylor har vore ein viktig del av jazzmiljøet i både Chicago og New York i over tjue år, med tallause plateinnspelingar bak seg.
Kr 180/120
http://www.hopscotchrecords.com/digital_primitives/new.html http://www.myspace.com/digitalprimitives