Verdas beste coverband er på vegen igjen!
LIVE MARIA ROGGEN vokal
ERLEND SKOMSVOLL flygel
SONDRE MEISFJORD bass
HÅKON MJÅSET JOHANSEN trommer
DAVID SOLHEIM lyd
Publikums- og kritikaryndlingane i Come Shine er tilbake med same fandenivoldske og virtuose tilnærming til jazzhistoria som før. Med kløktige arrangement frå tangentmann Skomsvoll, får kjende standardlåter ny drakt og ny vitalitet. Live Maria Roggen har, forutan eigen solokarriere som resulterte i Spellemannspris, opptredd mellom anna med Trondheim jazzorkester og Trondheim Voices. Meisfjord og Mjåset Johansen heldt rangen som ein av Norges tettaste rytmefundament med nær telepatisk samspel.
Come Shine på Facebook.