Torsdag 20. feb 2020 kl. 19:30

Camilla Hole Trio – Folk på Torsdag, Riksscenen

Riksscenen / Riksscenen, Schouskvartalet
Oslo

Ny folkemusikktrio med jazzmusikarar: Sopransax, kontrabass, trommer og vibrafon.

Camilla Hole Trio spelar ny og gammal folkemusikk, i hovedsak frå Sogn og Fjordane. Camilla Hole, Fredrik Luhr Dietrichson og Knut Kvifte Nesheim har bakgrunn frå jazz og improvisasjonsmusikk, og spelar heller ikkje tradisjonelle folkemusikkinstrument. Dei tar med seg sine instrument og musikalske preferansar når dei gjer tolkingar av musikken som har blitt vidareført gjennom mange generasjonar. Folkemusikken høyrer ikkje fortida til, den skal førast vidare av, og til alle som ser verdi i dei vakre, tradisjonssterke melodiane.

Trioen gav ut plata “Halvemål” i 2018 til strålande kritikkar.

«Trioen har fått inn en fulltreffer med debutplata, et kreativt sjangermøte mellom improvisasjonsjazz og folkemusikk»
– Magnus Andersson, Folkemusikk

Camilla Hole – saksofon, Fredrik Luhr Dietrichson – kontrabass, Knut Kvifte Nesheim – trommer, vibrafon

Dører: 19.30 Konsert: 20.30 Billett: 190/130 + bill. avg.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev