Mandag 03. feb 2020 kl. 19:00

Briotrio

KonsertGalleriet / Café Ni Muser
Trondheim

I eit landskap prega av nordiske og amerikanske jazztradisjonar, har pianotrioen Briotrio dyrka fram sin eigen stil. Folkelege, fengande melodiarrangement og leikne soloar, med eit tett samspelt komp, groovande frå start til slutt. Me kallar det “kosleg jazz.” Musikk som søker nærleik med lyttaren, på same måte som ein intimkonsert. Musikken er i hovudsak instrumental, men brukar utøvarane sine stemmer på flere låter, med intensjon om å underbygge musikken si folkelege visjon.

Med nytt materiale i lomma, gjestar Briotrio Trondheim att.
Låtmaterialet er skrive av medlemmane, arrangert i fellesskap, og omhandlar meiningsfulle og humoristiske moment i kvardagen.

Kirsti Huke er gjest med Briotrio denne mandagskvelden. Gjennom sine meir enn 20 år som utøvande musikar, jobbar Huke med musikk i ei rekke sjangrar, og forener det med ein personleg stil med element frå akustisk og elektronisk musikk og er særs allsidig.
Ho vart i 2010 utpeika som NTNU-jazzambasadør og vart tildelt Radka Toneff sin minnepris i 2017.

Medverkande:
Ingrid Øygard Steinkopf -piano
Thomas Linde Lossius -kontrabass
Arne Skorpe Sjøen -trommer

Gjest: Kirsti Huke

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev