Sprudlande opning av jazzåret med BounceAlarm
Fredag 12. mars kan Stord Jazzklubb endeleg invitera til årets første konsert i våre nye lokale på Stord Hotell.
DØRENE ÅPNES KL.18 DERSOM EIN SKAL HA ALKOHOLHALDIG DRIKKE MÅ EIN KJØPE EIN LITEN MATBIT.
BounceAlarm er ein sekstett med base/utspring frå jazzlina i Trondheim. Med sine eigne friske komposisjonar tar bandet med seg gamal jazztradisjon inn i eit nytt landskap. Bandleiarane Ingrid Øygaard Steinkopf og Elisabeth Lid Trøen har fått med seg eit knippe unge, dyktige jazzmusikarar med ei vidstrakt blåserekkje og eit stødig komp.
Komponist og bandleiar Ingrid Øygard Steinkopf vart i fjor haust heidra med Norsk jazzforums Storbandpris 2020, og i april same året fekk saksofonist og bandleiar, Elisabeth Lid Trøen, Vossajazzprisen.
BonceAlarm er eit ensemble som gjerne presenterer store mengder melodisk pop-teft kamuflert bak jazzinstrumenteringa. Filosofien er enkel – bandet vil syna at improvisert instrumentalmusikk kan vera både underhaldande og dansbart. Bandet har alt fått presentert seg på London Jazzfestival og fekk gode tilbakemelding frå All About Jazz. Også debutplata «Bouncing Through Some Banging Tunes» har hausta mange lovord.
På grunn av koronarestriksjonar kan ein berre ta inn 100 personar, så det er lurt å sikra seg billettar på førehand gjennom ticket.co.
Konserten vert arrangert i samarbeid med Vestnorsk Jazzsenter.
Elisabeth Lid Trøen – tenorsaksofon
Ingrid Øygard Steinkopf – piano, fløyte
Christian Cuadra – altsaksofon
Sturla Hauge Nilsen – trompet
Morten Berger Stai – kontrabass
Rino Sivathas – trommer