Lørdag 25. okt 2025 kl. 00:00

BLUE HORN JAZZBAND

Jazzsirkelen / Quality Hotel Ålesund
Sorenskriver Bullsgate 7, 6002 Ålesund

BLUE HORN JAZZ BAND:
Blue Horn Jazzband har halde på sidan 1997 og kjem frå Sykkylven, og tre av den opprinnelege gruppa er framleis med. Men vi har og med musikarar frå Ålesund, Volda og tidvis frå Langevåg.
Bandet har i utgangspunktet ei trad-jazzbesetning med blåserekke, og kompgruppe med kontrabass, banjo og trommer. Frå 2012 har vi og hatt fast sangerinne, med og uten piano.
Tradjazz, Hot Jazz, Dixieland. Sjangeren har fått mange namn og variantar. Bandet legg vekt på gode melodilinjer og stoffet er i hovudsak henta fra trad- og swingperiodens glanstid, 1920 -1940, det som går under fellesnamnet ”Classic Jazz.” Dette repertoaret spenner frå vakre ballader til spenstig swing der det er vanskelig å halde godfoten i ro. Bandet går heller ikkje av vegen for å hive seg på stoff frå vår eiga tid.
Hot Jazz på Tredet. På Tredet den 17. september vert det servert ein god porsjon Hot Jazz, ispedd stemningsfulle balladar, kjende og mindre kjende melodiar frå 1920-30talet.
Kyrkjekonsertar. Frå starten har Blue Horn Jazzband markert seg med eit godt kyrkjerepertoar som spenner fra New Orleans til norske salmer. Repertoar og eigne arrangement har fått svært gode omtalar. Det vert sagt om oss at vi er eit av svært få slike band som har eit dedikert kyrkjeprogram. I 2010 hadde bandet ein kyrkjekonsertturne med den amerikanske vokalisten Marilyn Keller (Oregon) i tillegg til vår eigen faste Margrethe Velle Ødegård. Resultatet vart ein CD innspela live på ein av våre konsertar. Marilyn har seinare gjesta oss i 2012 då vi m.a. spelte i Molde domkirke i ei radio-overført gudsteneste. Og med festivalspeling i 2015 og 2017. Bandet vert sagt å vere prega av godt samspel og gode solister. Og lett kontakt med publikum. Bandet har gitt ut 4 CDér.
Billetter i døra.
Ungdom gratis.

Pris:
200/250

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev