Inn i mellom kan jazz bli ganske kjedeleg: Dei same melodiane dukkar opp gang etter gang, og sjølve spelinga ber ofte meir preg av teori enn følelsar og vilje. Big Foot prøver å bryte med dette, og finne tilbake til kvifor vi fekk kick på jazz i utgangspunktet.
Big Foot har øvd inn eit massivt repertoar, der det meste er komponert mellom 1950 og 1965; frå Charlie Parker og Monk, til Jackie McLean og Eric Dolphy.
Aksel Røed – Treblås
Petter Asbjørnsen – Kontrabass
Johan Lindvall – Piano
Øyvind Skarbø – Trommer