Søndag 24. mar 2024 kl. 00:30

Best Western Swing

Vossa Jazz / Park, Vossasalen
Voss

Det må jo bli medrivande når fem musikarar let seg foreina i kjærleiken sin til musikk som dette. Best Western Swing omtalar det sjølv som “western swing, hestejazz, bææ-bop og andre rurale uttrykk for jazzifisert dansemusikk frå dei amerikanske sørstatane”.

Til saman spelar bandet på 36 strengar, i tillegg til både trommer og trekkspel. Dei let seg inspirera av Bob Wills, Spade Cooley, Jimmy Bryant/Speedy West og Hank Garland, og spelar det dei skildrar som “instrumental elektrisk americana”.

Framst i westernkortesjen rir Asle Røe med eit årvake blikk, som har pakka med seg tolv års erfaring som gitarist i Texas i salveska. Like bak rir 60% av bandet Farmers Market: Stian Carstensen klimprande på steelgitar med trekkspelet på ryggen; Finn Guttormsen med bassen i eine handa og taumane i den andre; og Jarle Vespestad ridande side om side med ein kløvhest lasta med trommer og symbalar. Attarst kjem Staffan William-Olsson frå bandet The Real Thing i lett trav med gitarreima spent over brystet og hattebremmen vippa godt ned.

Her er det berre å henta hatten ned frå hylla, pussa cowboystøvlane, og sala på Blakken!

Medverkande:

Asle Røe – gitar
Stian Carstensen – gitar, trekkspel
Finn Guttormsen – bass
Jarle Vespestad – trommer
Staffan William-Olsson – gitar

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev