Søndag 27. nov 2022 kl. 20:30

Berit Opheim og Sigbjørn Apeland

Voss jazzklubb / Vangskyrkja
Voss

VELSIGNA ER DAGEN

Berit Opheim (song) og Sigbjørn Apeland (orgel)

Berit og Sigbjørn har samarbeida i ulike musikalske prosjekt dei siste 30 åra med konsertar og innspelingar, og Velsigna er dagen er deira andre duoalbum. Albumet Den blide sol kom ut i 2008 og vart nominert til Spellemannsprisen det året. Begge desse albuma inneheld berre religiøse folketonar i eigne arrangement, og improvisasjonar.

Velsigna er dagen inneheld religiøse folketonar frå Vossabygdene som Berit har funne fram frå eldre lydopptak og notenedskrifter. Salmetekstane er stort sett skrivne av kjende salmediktarar men dei fleste melodiane har lenge vore ubrukte. Det er no avdøde songkjelder som har forvalta denne songtradisjonen og her er det melodiske perler på rekkje og rad.

Det er ei stor glede å få presentere dette ukjende musikalske materialet til eit større publikum, og det er med stor takksemd til dei som forvalta og song desse folketonane me formidlar dei vidare.

Innspelinga vart gjort i Vangskyrkja på Voss i august/september 2021 med Grete Pedersen og Karl Seglem som produsentar. Tor Magne Hallibakken var lydteknikar. Plateselskapet er NYENOR.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev