Lørdag 13. apr 2019 kl. 12:30

Bedehus og Hawaii

Vossa Jazz / Gamlekinoen
Voss

«Bedehus og Hawaii» vart til då den kritikarroste gitaristen og komponisten Trond Kallevåg Hansen fekk i oppdrag å laga bestillingsverk til Sildajazz 2018.

Verket er inspirert av dei mange somrane haugesundaren var hjå besteforeldra på Bømlo som ung, der bedehuskulturen og sterke musikalske inntrykk blanda seg med måkeskrik, bølgeskvulp, seine bilturar og halvvakne draumar frå baksetet. Den varme gitarlyden og dei lyriske komposisjonane til Kallevåg Hansen har noko filmatisk og nostalgisk over seg.

Mellom dei strålande medmusikantane er Geir Sundstøl – strengevirtuosen som har løfta musikken til blant andre A-ha, deLillos, Nils Petter Molvær og Bjørn Eidsvåg til nye høgder med smakfullt spel og fantastisk feeling.

Trond Kallevåg Hansen – gitar, komposisjon
Geir Sundstøl – pedalsteel, div. strengeinstrument
Adrian Løseth Waade – fiolin
Alexander Hoholm – kontrabass
Ivar Myrset Asheim – trommer

Pris:
Gratis

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev