Beady Belle Duo består av vokalist Beady Belle og David Wallumrød på eit nærast arsenal av ulike tangentinstrument. David Wallumrød blir rekna som ein av dei aller beste musikarane i landet. Duoen spelar eit utval av Beady Belle sitt repertoar i eit heilt spesielt intimt og nært format.
Beady Belle, alias Beate S. Lech, er ein grensesprengande, norsk artist som opererer i sitt eige musikalske univers – og som ikkje kan plasserast i ein bestemt sjanger. Ho er å finna i grensesnittet mellom pop/soul/funk/elektronika/jazz og folk.
Beady Belle er internasjonalt anerkjent, men for folk flest her heime blei ho mest kjent etter at ho utmerka seg og hausta store lovord under deltakinga i Stjernekamp 2019. Beate Lech gjesta Stord Jazzklubb i desember 2019, rett etter at ho deltok i Stjernekamp. Den gongen stod ho på scenen i Kulturhuset saman med sitt orkester og eit stort kor med elevar/studentar frå Stord vidaregåande skule og Høgskulen her på Stord. Ein minnerik konsert!
Å oppleva Beady Belle på scena er som å sjå musikk. Musikken finns i kvar nerve i henne, og mange meiner ho er ein av våre aller fremste vokalistar. Ho har turnert i store deler av verda sidan tidleg 2000-tal.
Beady Belle – vokal
David Wallumrød – diverse tangentar