I anledning NMHs 50-årsjubileum stiller Bare Spell med ekstraordinært program, nemleg open scene!
Bare Spell er eit forum som ble sett i gang i 2021 for å stimulere låtskrivingsmiljøet ved Noregs musikkhøgskole. I dag er engasjementet retta mot unge låtskrivarar generelt. Bare Spell ønsker å skape møteplassar der inspirasjon, metodar, kreative prosessar og andre aktuelle tema blir diskutert i ei uhøgtideleg og inkluderande samtale.
På NMHs 50-årsjubileum inviterer vi låtskrivarar som brenn inne med ein ny låtidé, eller som berre ønsker å høyre litt rykande fersk musikk, til å møte opp i Professorboligen mellom kl. 14:00–15:30 for å mingle, spele og lytte! Vi legg opp til lave skuldrer, god stemning, og som alltid: kjeks!
Program
14:00–14:30 Dørene opnar, mingling
14:30–15:30 Open scene; kom og spel låta di eller berre høyr på
Konserten er ein del av Noregs musikkhøgskoles 50-årsjubileum.