Søndag 17. mar 2013 kl. 13:00

BAJAZZFESTIVALEN 2013: Motif, Ungdomskulen, Christine Sandtorv & Crab without Crap

Bergen Jazzforum / USF Verftet
Bergen

BAJAZZ er er en idealistisk ikke-kommersiell konsertserie drevet av Bergen Jazzforum, myntet på barn og barnefamilier. Målgruppen er fra spedbarn til 10 år, og intensjonen er både å tilby opplevelser noe utenom den masseeksponerte barneunderholdningen samt fremme tidlig rekruttering til musikkfeltet. Musikerne er profesjonelle og vektlegger en åpen og musikalsk kommunikasjon med barnet.

Bajazzfestivalen 2013 er nummer fire i rekken. Over to dager på USF skal det lekes, danses, synges og klappes, og vi håper så mange som mulig kommer og leker med oss!

Billetter:
http://www.billettservice.no/search.php?tm_link=tm_header_search&language=no-no&keyword=bajazz

—————————————–
PROGRAM:

Laurdag 16 mar kl 13:30, Sardinen USF

MOTIF
Dei flinkaste bråkebøttene i norsk musikkliv viser kva dei er god for

ATLE NYMO saksofon, klarinett
EIVIND LØNNING trompet
OLE MORTEN VÅGAN bass
HÅKON MJÅSET JOHANSEN trommer
HÅVARD WIIK piano
MICHAEL THIEKE klarinett

Bandet har halde på sidan 1999 og har turnert over heile verda, så dei burde vera samspelte no – med leik og humor lagar dei musikk slik du aldri har høyrd det før.

http://www.myspace.com/motifmotif

Laurdag 16 mar kl 14:30, Sardinen USF

UNGDOMSKULEN
Grenselaus rock

FRODE KVINGE FLATLAND bass
KRISTIAN STOCKHAUS gitar, vokal
ØYVIND SOLHEIM trommer

Ungdomskulen er eit band som trass ekstrem teknisk finesse ikkje har gløymd å være dumme. Og her meiner vi dumme i ordets aller mest positive forstand. Kva hadde rocken vore viss den ikkje var dum? Å knusa ein gitar, syngje she loves you yeah yeah yeah, eller å smørje på seg kattesminke, kan vel ikkje seiast å vere direkte smart. Men vi likar det. Ungdomskulen har verken knust gitarar eller sminka seg, men dei kvir seg ikkje for å laga fengande og dansbar musikk for oss.

http://www.ungdomskulen.com/

Sundag 17 mar kl 14:00, Sardinen USF

CHRISTINE SANDTORV
Godnattsonger for heile døgnet

Ho er mest kjend for landeplagen “Girls keep secrets in the strangest ways” saman med Ephemera, men har vist at ho kan skriva og framføra fabelaktig musikk på eiga hand. Med pysjen på, framfører ho godnattpop med sjølvlaga vuggeviser, heile tida prega av hennar særeigne sound som har innkassert både Spellemann og Alarmpris.

.

Sundag 17 mar kl 15:00, Sardinen USF

CRAB WITHOUT CRAP
Alt kan skje

STIAN OMENÅS trompet, diverse
ØYVIND SKARBØ trommer, diverse

Stian og Øyvind er frå nesten same plass, og har i si tid spelte saman i storband i årevis. I duoen er referansane til storband plassert solid på sidelinja og det er opna opp for alle innfall. Ein improvisert konsert som strekk seg frå det lyriske til sterkt rytmiske deler.

http://crabiscrap.tumblr.com/

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev